TROLLBRYGGERIET





I høve det årlige øl-seminaret til "konnjøl-vest" tok vi ein liten avstikkar til det lokale bryggeriet i Liabygda.
Der vart vi motteke av eigarane Kjartan Lied og Jørund Ringset.
Bryggeriet vart skipa i 2008, og har ein batch kapasitet på 1000,liter.
Kjartan prata oss igjenom brygge-prosessen  på ein kort men nøyaktig måte.
Det starta med malt tilførsel og slutta med flaske tapping. 
Her er vi ved meiske-tanken, malten kjem ned frå andre etasje og blir blanda
med vatnet i denne inretninga her.
                                                       

Her  ser vi botnen av koke tanken 
  Kjartan viser her kjølaren ølet passerer på veg til gjæring.
Til høgre i biletet ser vi gjærings tankane 
og til venstre er fire av lagring/modnings tankane. 
Trollbryggeriet har manuell flasketapping dette gjev skikkelig 
handbak musklar.
Etter endt rundtur måtte det smakast, og varene var gode dei.!