Brygging i "Pessgarden"

Brygge huset i "Pess-garden" er frå ca. århundre-skiftet og er eit av dei få som framleis er i bruk.
Huset er to-delt med smie i den eine enden og brygge hus i den andre.

 
Etter at min sambuar og eg overtok garden for ti år sidan, måtte eg berre sette i gang med å bruke ein slik 
facilitet.
Den fyrste tida gjekk det noko stokk over stein, med mange gode og ikkje fult så gode råd.
Men etter nokre heite tips frå røynde bryggarar, slapp eg å slå ut så mange gyldne dråpar.
Seinare gjekk eg over frå den gamle kopar-kjelen til eit litt anna system
med gass fyring. Så no vert "Grua" mest brukt for kosen si skuld, og når det er oppskoke
      Det er akkurat like koselig og sjå vørteren renne no som før.
Det nye systemet mitt har resultert i at det vert bryggja mykje oftare, men ikkje i så store mengder.

              "PESSFJØSEN"

Etter at ølet er brygga så må ein no ha ein proper plass å nyte desse edle dråpar, så det vart å gå i gang med
innreding av sausefjøsen.
Litt dugnad måtte til, men etter mykje graving og snekring var baren klar

Litt av dei som hjelpte til med utbygginga. Sivert, Karl Anders, Rasmus, Per Ståle og Arve.
 
Kaffi pause
                     FØR                                                                                        
   

 

ETTER

                         
Det vart to rom, 
det som før var saudefjøsen vart baren skylet vart inngang og opphaldsrom.
I tillegg til dette vart stallen toalett.


Eit og anna festeleg samkome har det no vorte i desse lokala.