ØLBRYGGING  PÅ BJØRKEDALEN

Dei to grannane Olav Nilsen og Hans Folkestad er godt i gang med å lage ein av dei
viktigaste atributtane ved båtedraginga nemelig "konnj ølet", og underteikna fekk allernådigst fylgje dei i dette 
møysomelege arbeid. 
Ein kan vel seie at det var denne kvelden som la grunnlaget for mi interesse.

Her er det Olav som sjekker om vørteren helde mål.
Til denne båtdraginga har dei brukt ca. 50 kg. malt som til sjuande og sist vil gje mellom
150 og 180 liter øl
Her ser vi Hans i ein studie av vørteren før han tøme han i "gilen"
         
  Her kjem vorteren frå "rusten"   Dette er oppe i "rusten"


NO ER VI KOMNE FRAM TIL" OPPSKOKET".

Som vi ser er laget samla både bryggarar og båtebyggar, så no skal ølet testast

  Det ser jaggu ut som alt er etter oppskrifta.

Både gamal tradisjon og ny teknologi må til for å lage øl til kravstore kjennarar.

               Til og med underteikna fekk prøvesmake dei dyrebare dråpar.

GODT ØL.....